Kooperativet på Piknik i Parken

Koopertivets piknikkurv Foto: Food Studio

 

Musikkfestivalen Piknik i Parken hadde sitt fyrste år i år og Kooperativet var med! Siste helga i august var det invitert til ei helg med god musikk og herlig mat. Sidan maten sto sentral valde dei å samarbeid med oss i Kooperativet – nett for å få tak i dei beste råvarene.

Eitt av dei gode tilboda var Kooperativets ferdigpakka piknikkorger med piknikteppe og ferskt brød og smør, spekemat, ost og syltetøy, grønsaksrettar og meir – alt dyrka, foredla og levert av Kooperativet sine samarbeidsbønder og andre økologiske eller biodynamiske leverandørar.

I tillegg kunne festivalgjester kjøpe mat frå ein buffé med salatar, pølser, lammekjøt og bakt potet. All maten var basert på råvarer frå desse:

• Brød frå Skog Bakerverksted i Mjøndalen, Buskerud
• Korn frå Økologisk spesialkorn i Sigdal, Buskerud
• Grønsaker frå Bergsmyrene gård i Kana, Buskerud
• Nýr frå Grøndalen gård i Auli, Akershus
• Grønsaker frå Ramme Gaard i Vestby, Akershus
• Lammekjøtt frå Eiketoppen gård i Drøbak, Akershus
• Pølser frå Solli gård i Stokke, Vestfold
• Poteter frå Virgenes gård i Hvarnes, Vestfold
• Urter frå Finstad gård i Sande, Vestfold
• Gulrøter frå Heinrich Jung i Arneberg, Hedmark
• Ost og spekepølse frå Ommang Søndre i Løten, Hedmark
• Eple og honning fra Jønsi gård i Hjuksebø, Telemark
• Egg frå Sørli gård i Skjeberg, Østfold
• Persille frå Uksum gård i Vestre Gausdal, Oppland
• Smør frå Rørosmeieriet i Røros, Sør-Trøndelag
• Kvitlauk frå Ola og Joanna Balgaard i Vuku, Nord-Trøndelag

Medlemer i Kooperativet bidrog med uvurderlig innsats på festivalen! Festivalsumaren er over og vi kan glede oss vidare over haustens mangfaldige grøde.

 

Kooperativet PiP
Foto: Julia Naglestad