Monthly Archives: February 2015

Kooperativet lanserer meieripose

Ost Ommang
Ost frå Ommang Søndre

Sidan august 2013 har Kooperativet levert grønsaker til medlemmane og frå septemer 2014 kunne vi også tilby kjøt. No er det tid for ein meieripose!
Alle medlemmar kan bestille ein meieripose ein gong i månaden til kroner 420,- (inkl. avg.). Med unntak av fyrste levering 19. mars vil det som hovudregel vere utlevering av meieripose den torsdagen det ikkje er kjøtpose. I posen vil du kunne finne eit utval av:
fast kvit geitost og kuost

fast brun geitost

ferskost/kvarg

fetaost

surmjølk

yoghurt

rømme

smør
Innhaldet vil variere frå gong til gong og produkta er upasteuriserte. På grunn av ei avgrensa mengde varer vil det vere eit bestillingstak på meieriposen. Meieriposen med henting 19. mars har tak på 175. Allereie no kan du bestille din fyrste meieripose!

Gardane

Gardane som vil levere varer til meieriposen er Ommang Søndre i Løten og Sansegården Olavsbråten i Noresund.
Ommang Søndre
Ommang Søndre er ein biologisk-dynamisk gard i Løten på Hedemarken. Garden drivast av Bente Pünther og Gertjan de Snaijer. Dei har ei allsidig drift med eng- og kornproduksjon, noko grønnsaker og potet, og husdyrhald med 14 melkekuer, 29 melkegeit, kje, høner og noen ender All geitemjølk og deler av kumjølka foredlast til kvit of brun ost. Ostane ystast tidleg om morgonen tre dager i veka, i det gamle bryggerhuset på tunet. Mjølka pasteuriserast ikkje og ysting og koking av brunost skjer ved vedfyring. Dette gir ost med mykje smak.
Les meir om kva Ommang Søndre her å by på her
Sansegården Olavsbråten
Garden er drive økologisk av Veslemøy og Bjørnstjerne Olavsbråten – to unge bønder under 30 år som begge er utdanna økologiske agronomar på Sogn Jord – og hagebruksskule i Aurland. Heldigvis for dei begge hadde Veslemøy odel på heimgarde og dei fekk moglegheit til å verte 6.generasjons gardbrukarar. Garden ligg fint til med utsikt mot Norefjell og ved inngangen til Hallingdal. På garden har dei griser, høner, geiter, kyr, kattar og snart ein hest. Meieriprodukta vert laga på eit lite gardsysteri og er stort sett upasteurisert.
Les meir om Olavsbråten her