Nordgard Aukrust

haust10oransje

 

TRADISJON OG FORNYING
Solvendt under Lomseggen finn du garden Nordgard Aukrust med solbrune tømmerhus. I “Nordens Provence”,  i ein jordbrukskultur der Vår Herre sjølv syrgjer for sol og vi sjølve må syrgje for vatn til markens grøde.
Altså eit klima godt eigna for blomar og urter, som du kan møte i urtehagen vår. I 20 år har vi arbeidt med urteforedling, i det vi kallar urteriet vårt. Vi lagar eit stort sortiment basert på det vi dyrkar sjølve. Dette finn du i gardsbutikken, eller du kan bestille varer direkte frå.

Drifta er økologisk godkjent sidan 1986. Vi driv bio-dynamisk med Demeter-godkjenning, som er det strengaste av alle økologiske merke. Til bio-dynamisk drift høyrer allsidigheit og helst kyr, – våre tilbring sumaren på setra Ulvåt øvst i Bøverdalen. Garden vert dreven av Franziska og Ola Aukrust, med fem småbarn, – og gode hjelparar i form av medarbeidarar og praktikantar.

Gardsbutikk
Vil du avlegge oss eit besøk fylgjer du skilting med “Olav Aukrust” frå Lom Sentrum 5 km. oppover Solsidevegen mot Flåklypa. Opningstidene i gardsbutikken er:

Tirsdag og torsdag: 15.00  – 18.00
Laurdag: 11.00 – 14.00

I vinterhalvåret (november til mai) er det lite trafikk, – så ta helst kontakt i førevegen (e-post / faks  eller tlf).

BIODYNAMISK GRØNT
Sumarsesongen har vi eiga bestillingsliste for friske urter, veksthusprodukt og grønsaker. Dette er engros-prisar, vi leverer via Gudbrandsalsmat nedover heile Gudbrandsdalen. Ta kontakt med Gudbrandsdalsmat (www.gudbrandsdalsmat.no) eller direkte til oss. Lokalt er Fossheim Hotell og Bakeriet i Lom våre beste kundar og samarbeidspartnarar.

For kontaktinformasjon, og meir informasjon om Nordgard Aurkust, gå inn på www.aukrust-nordgard.no