Svartrot og andre rotvekster

Svartrot, også kjent som Skorsonnerot er ein grønsak som sjeldan brukast. Diverre, for den smaker fortreffelig! Mild og god! Den kan nyttast som andre rotgrønsaker – i mos, steikt, ovnsbakt og så vidare. Slik kan du ovnsbake den til to personar:

1 gulrot

1 raudbete

2 svartrøtter

1 pastinakk

Ein halv hokkaido

1 fedd kvitlauk

Litt kokosolje (bruk gjerne smør om du har det)

 

Vask alle grønsakene godt. Skrell svartrota. Kutt alt opp i biter og strimler. Bland det saman i ei ildfast form med olje/smør. Krydre med eit krydder du likar. For eksempel timian og salt og pepper.

 

Steik på 180-200 grader i ca 30-40 minutt.

 

Passer godt som tilbehør eller berre aleine.