Kooperativet leverer norskproduserte varer gjennom heile året. Det er spennande, men tidvis utfordrande. Vi er ikkje ein vanleg grønsakshandel og det du får i kooperativposen er som regel annleis frå det du får i butikken – det er meininga! Det er ofte grønsaker med jord på, i ulike størrelsar, formar og fargar, og grønsakssortar som du sjeldan ser andre stader. Heile summen du betalar når du bestiller pose går til bøndene!
Vi samarbeider med kring 20 bønder som driv økologiske eller biodynamisk. Karakteristisk for slik drift er mangfald i åkeren. I staden for å ha fire åkrar med berre gulrot kan dei ha både salat, potet, kål, beter, grønnkål, tomater, urter, pastinakk, kålrabi, gulrøtter, bønner, gresskar og squash. Og blomar! Det gjer at vi ikkje alltid får nok av ein grønsak til å fylle likt i alle poser.
Det er i rotfull tid vi går i møte – rotvekstar som pastinakk, gulrot, svartrot, jordskokk, potet og beter er i høgsesong og det vil vi merke i posane framover. For å sjå kva norsk sesong har å by på ta ein kikk på sesongkalendaren som vart lansert under ØKOUKA 2014!
Kooperativet drivast av frivilligheit, og på alle måtar gjer vi så godt vi kan for å levere kvalitet og smak til alle medlemane. Vi endrast og betrast heile tida og du som medlem kan påverke! Er det noko du ikkje er nøgd med; bli med og finn ei løysing!
Hjartelig helsing oss i Innkjøpsgruppa
Om du har innspel, kontakt oss på kontakt@kooperativet.no
Kalenderen på bildet er designet av Eva de Moor og Tabea Glahs og kan bestilles i plakatstørrelse 45×70 cm gjennom Oikos på mail info@oikos.no. Husk å oppgi navn og adresse. Pris kr 100 for medlemmer i Oikos, kroner 150 for andre – inkl. porto.