Chevregratinerte raudbeter med perlespelt

Chevregratinerte raudbeter med perlespelt

 

Har du ennå litt perlespelt igjen frå i haust? Og eit par raudbeter? Her er oppskrift på ein enkel men veldig god lunsj eller middag!

Til to personar

 

Tre raudbeter
Eit par fedd kvitlauk
Ferske urter (timian eller rosmarin)
Chevre
Rista valnøtter
Perlespelt

 

Vinagrette:

5-6 ss god olivenolje
1 ts honning
1-2 ss balsamico

 

Skjær raudbetene, kvitlauken og chevren i skiver. Legg raudbetene i ei eldfast form saman kvitlauken og chevren. Hell over litt olivenolje, og litt havsalt. Legg oppå ferske urter. Steik i ovnen på ca 180 grader i 30-40 min (til raudbetene har begynt å bli litt mjuke)

 

Mens du venter kan du lage vinagretten og koke speltperler. Server med å leggje raudbetene oppå den kokte perlespelten, legg på dei rista valnøttene og hell over vinagrette.