«Pastisnacks» for små

Pastinakk matinorden.no

 

foto Marius Rua

 

Pastinakk kan brukast til mangt. Blant anna kan du gjere dette:

 

Vask og skrubb av all jorda slik at dei er reine og fine

Skjær dei i lillefingerstjukke staver

Steik dei i kokosolje, gjerne i jernpanne. Dei små treng litt (h)jernemat. La dei gjerne ligge der og surre litt til dei blir mjuke og lett kan svelgjast.

 

Gi ein stav eller to til den vesle, gjerne frå 5-6 mnd gammal. Dei små stavane er gode å knaske på for alle.